Engesetsetra Fellesbeite - rapport frå sommaren 2004
I år var første
beitelag allereie 30. mai og siste dag var 18. september, noko som er
meir normalt i forhold til tidlegare år. På det meste var der 102 kyr på
beitet.
Beitesesongen på
Engesetsætra har vore utruleg god med ny rekord i leveranse og også opptak
av gras frå beitet. Vi bereknar opptaket av beitegras pluss eventuell
tilleggsfôring for kvar månad og i juli var den på 10.6 Fm per ku per dag.
For heile beiteperioden var den på 9,8 Fm.
Dagsproduksjonen i
juni var i gjennomsnitt 27 liter mjølk per ku, i juli 25,5 liter og i august
24 liter. Først i september kom den ned på 20 liter. Vi rekna med at
nedgangen skuldast at kvaliteten på beitegraset blei dårlegare, men
grasprøver etter beiteslutt viser at beitegraset framleis var av god
kvalitet. Nedgangen skuldast nok derfor at mange kyr nærma seg slutten av
laktasjonsperioden då ca. 80 % av kyrne kalvar i desember og januar.
Meierileveransen i heile beiteperioden var i overkant av 260 000 liter
mjølk.
Vi burde hatt ca. 50
da meir beiteareal for å auke produksjonen vesentleg meir ved å satse på
seinare kalving.
Ein beiterunde er på
14-15 dagar og vi startar å pusse beite ved slutten av første beiterunde.
Seinare pussar vi etter kvar avbeiting. Gjødslinga er ca. 40 kg 21- 4-10 om
våren, neste gjødsling ca 20 kg 25-2-6 og siste gjødsling er 12 -15 kg
Amoniumnitrat. Farge og tilvekst avgjer om vi gjødslar utover dette.
Årsaka til at vi i
år har hatt eit svært godt resultat skuldast i hovudsak betre beiterutinar
og gjødsling. I tillegg er ein god røkter heilt avgjerande.
|