HISTORISK ATTERSYN
- TUNET OG HUSA PÅ GARDEN
GENERELT
Garden har vore
busett frå førhistorisk tid og den blei i gamal tid delt i Indreberg og
Ytreberg.
Nokre av husa på garden blei kring 1770 tatt av snøskred. Det var på den
tida ikkje skog på garden og heile fjellsida nord for garden var derfor
opent lende. Det var generelt lite skog i område på denne tida og den skogen som var blei hogget då Skodje kyrkje vart bygt i 1750.
To
garder hadde felles tun på Indreberg og
tunet
var der som tunet til bruksnummer (bnr) 3 var fram til 1930-åra. Dei to
gardane hadde kvar sine bygningar slik som stove, løe, stall, smie og
stabbur på tunet. Fellestunet vart oppløyst ved jordskiftet i 1875 då
innleggsmarka vart delt i to. Bnr 1 (Ellinggarden/Otterlei) fekk den austlege delen og bnr 3
(Erikgarden/Indreberg) den
vestlege delen.
Bnr 1
bygde nytt tun i same høgde over havet som fellestunet, men lenger
mot aust. Murane til dette bygget er tydeleg synleg også i dag.
Bnr 3
bygde opp nytt tun på det gamle tunet. Då Erik Knudsen Grindvik og Berte
Halvardsdattet Strømmen busette seg på garden i 1819, var det Skodje kyrkje
som åtte garden. Husa var på dette tidspunktet små og dårlege. Det blir fortalt at
dei ofte måtte halde fast dørene eller sikre dei på anna vis når nordvesten
var på det verste.
Når Erik og Berte overtok og busette seg på garden, tok dei etternamnet
Indreberg.
Garden
fekk etterkvart gjerde kring innleggsmarke (bøgarden).
Den einaste vegen av verdi for gardsdrifta var sjøvegen ned til Øyra.
Sjøen var den viktigaste transportvegen og det var derfor viktig at garden
hadde ein god tilkomst til sjøen.
Kvifor
bygde dei tunet langt oppe i bakken og ikkje på det flatare området
lenger nede? Sannsynlegvis har dette å gjere med sola. Tunet på Indreberg er
nemlig plassert på ein stad som gir sol frå tidleg morgon og heile dagen og
i tillegg har garden også sol om vinteren (nokre timar midt på dag). Gode
soltilhøve gjer at snøen reiser tidleg om våren og det fører igjen til at
også vekstperioden på markane starta tidleg.
Erik
fekk kjøpe garden i 1862. Det var sonen også med namnet Erik, som overtok garden og han gifte
seg med Lovise Mikkelsdatter Ytreskodje.
LØE
I 1869 bygde dei ny løe med fjøs og stall. Forstøtningsmuren nedom
løa og muren der dei festa kyrne er framleis intakt. Stall og skyle var i
austenden og vidare vestover var fjøset på nordsida og på sørsida hadde dei
sauer og kalvar. Dei køyrde mold inn i fjøset kvar sommar. På eine halvdelen
gjekk sauer og klavar og på andre delen var kyrne. Når det hadde vakse opp
med gjødsel er kyrne var la dei på godt med strø og flytte sauene dit. Slik
heldt dei på til våren. Gjødsla låg såleis under tak heile vinteren. Når dei
så køyrde ut gjødsel om våren, hadde dei ein omlag 2 meter høg stakke med
gjødsel å ta av. Dei hakka frå stussen og på det viset blanda dei ulike
gjødselslag.
Løa vart forlenga mot vest i 1880 åra og var i bruk til Erling (son til
Berte Eline Petrine) bygde ny litt lenger nede i
1929.
STOVE
Sju år seinare i 1876 bygde dei nytt stovehus. Det var ikkje tømmerskog på
garden og alt tømmeret måtte køyrast til gards. Tømmeret kjøpte dei frå
Svorta og Håhjem og slepa det til sjøen og flota det til Bergsøyra. Der
hadde dei sagstelling og der blei derfor alt tømmeret saga. Berte Eline
Petrine Eriksdatter som då
var 14 år (ho tok seinare over garden), stod for det meste av arbeidet med å kjøyre det
ferdig saga tømmeret i gards. Det vart transportert på vinterføre med VAJE
(stutting). Det nye huset vart bygt på same staden som det gamle.
Den
sommaren huset blei bygd vaska dei godt fjøset og budde der medan dei bygde
det nye. Koka gjorde dei på grue ute. Det nye huset vart ei stashus i høve til det
gamle og det blei bygt i tradisjonell Skodje-stil med hovedende og kårende.
Inngangen var i midten framme, kjøkken bak med eigen utgang og eit kammers bak
kvar stove. Dette viser godt på eit bilete som er tatt i 1906 i høve Erling sin
konfirmasjon og også på dette bildet fra 1925.
I bakerste rekke frå venstre:
Erling, Laura, Ingebrikt og Berte(1925)
Huset var også brukt til omgangsskule til den første skulen i Skodje vart
tatt i bruk.
Erling
flytta huset litt lenger mot sør i 1936 og plassert aust for den nye løa som
blei bygd sju år tidlegare.
SOMMARFJØS
Erik
(son til den første Erik) bygde
ny
sommarfjøs der som noverande fjøs står. Det var sommarfjøs for storfe i
austenden og sauer i vestende. Huset var av tømmer og lav.
Erling bygde ny sommarfjøs i 1936/37.
NAUST
Naust hadde garden der noverande naustet står i dag (Bergsøyra eller
i daglegtale Øyra). Dette var også av lafta
rundtømmer
KVERNHUS
Kvernhus hadde
garden ved Bergselva ved sjøen aust for Øyra.
STABBUR
Stabbur stod bak
huset like nord om den store bøka (som dessverre no har ramla ned). Deler av
disse murane viser
framleis.
Stabburet var lite og dårleg, og då det i 1884 bles ned over 3000
kubikkmeter tømmer i skogen på Svorta, kjøpte Erling og broren Martinus
nokre teigar til uthogst. Ein del køyrde dei til Jensvika og fekk saga det
på oppgangssaga der og noko vart handsaga. Dette var tildels stor skog. Det
nye stabburet som han bygde er 7,20 meter langt og har berre to stokkar er
skøytte. Alle dei andre er med heil lengd. Tømmeret er 4 tommar tjukt og
mange av stokkane hadde eit toppmål på over 30 cm.
Det gamle stabburet blei flytta til Skulstad i Samfjorden der systera deira,
Berte Anna var gift. Stabburet blei seinare tatt av stormen like før jul i
1988.
VEDASKOT
Like nord om stova stod vedaskotet. Det var som dei fleste slike hus bygt
som GRINDHUS. Huset stod i sin opprinnelege form til ei grein frå bøka
brotna av i 1978 og knuste det.
SKOGALØA
Det siste huset frå gamla tid er Skogaløa. Huset vart bygt med Svortaelva ca
1885 og blei brukt til å sage tunnestav. Der hadde dei sirkelsag og det var ei av dei
første i Skodje. Oliver Skodje i Olivergarden laga akslingen og både aksling
og sag har vi framleis på garden. Huset vart seinare flytta frå Svortaelva til
staden på garden der
det står no.
Etter at det kom til garden har det vore i bruk som lager og dei fyrste åra
spesielt som lager til ved for sal. Skogaløa står like ved dagens
gardsveg.
TAK
Taka på alle husa var torvtak; tro, never og torv med nokre flate steinar
langs endane for at stormane ikkje skulle fare med taka. Eit slikt TORVTAK
vart alltid lagt med fem lag never. Ein har vanskar i dag for å tenkje seg
kor viktig nevera var på ein gard med mange hus og kor mykje som skulle til
for å halde alle tak tette.
|