BERS-OLA-HJELLEN
EIN TJØREHJELL FRÅ 1600 TALET
Knud Ytreberg som skreiv det første opplegget for
ei gards- og ættesoge i Skodje skriv: ”Det er ikkje den Ola som lever no
men ein som levde for lenge sidan. Saman med grannen sin Knud brende han
kol ved Apalviksætra. Det var om hausten og kaldt så når dei hadde fått eld
på mila, la han seg ned ved mila for å halde varmen. Truleg har han blitt
kolosforgifta for han vakna ikkje meir.
På 1600
talet levde det på garden INDREBERG fleire med namnet Knut og fleire
personar som heitte Ola(e).
Ein brukte i første rekke røter av fure til tjørebrenning. Det er skrive i
ulike dokument at det var lite ved til å brenne i heile NIUSFJELLET. Eller som
det står i utskiftningen for Grindvik i 1863, NJUSFJELDET.
Då
det vart bygt ny kyrkje i Skodje i 1750, vart dette tømmeret hogget på
Indreberg og Ytreskodje.
Det var også ein tjørehjell ved DEMINGSMYRA, der som vassverkdammen ligg i
dag, men den var langt mindre. Det var også ein tjørehjell i skråninga aust
for huset som Hans Nygård bygde.
BERS-OLA-HJELLEN har vore eit betydeleg byggverk som det har vore mykje
arbeid med før den var i driftsklar stand. Det må ha vore mykje furerøter i
området for at det skulle vere meining i å lage eit slikt byggverk. Røtene
kunne heller ikkje transporterast for langt og i alle høve ikkje oppover.
Det betyr at mesteparten av røtene var å finne nord for hjellen.
Steinmurane som er bygde opp, vart til slutt kledde med eit tjukt lag med
mineraljord slik at den ikkje brann opp. I botnen av hjellen var det ei
renne slik at tjøra kunne renne ut og samlast opp på nedsida av hjellen.
Slik tjørehjellen er i dag, ser det ut til at avlaupet har blitt øydelagt.
Så har dei rive ned fronten for å legge inn ny renne. Meininga har nok vore
å bygge den oppatt.
Vi synest det hadde vore fint om vi kunne gjerde det nå, men då må fagfolk
med på laget så vi ikkje gjer noko som kan øydelegge deler av anlegget for
alltid.
Tretjøre var viktig for alle. Det var det einaste folk hadde til å
inpregnere materialar med. Dei dyppa spikar i tjøre når dei skulle bordkle hus for
at spikaren ikkje skulle ruste og materialane rundt ikkje skulle rotne.
Tretjøre brukte dei også ved infeksjonar i sår både på dyr og menneske og
til ulike andre plager.
|