Indreberg Gard
Sommeren 2004
   

© Indreberg Gard

Home
Arbeidsveke 2003
Sommeren 2004
Driftsåret 2006
Besøk 2007
Hestekjerre 2009
Minneord om Otto

 

                   

Rapport frå sommaren 2004

”No har eg køyrdt mitt siste lass i løa og berga alt i hus for denne gong. No tarv eg ikkje syte meir for føda for folk og fe om vinteren blir long”. Tore Ørjasætr

Ein sommar er over og alt er i hus for denne sesongen. Det har vore ein god sommar med gode avlingar og god kvalitet på fóret. Vi har sendt inn prøver både av første og andre slåtten og resultatet er frå svært godt til godt. Det viser seg at Bladfaks som vi sådde ein del av tidlegare, ikkje gir god nok kvalitet på siloen. Dette fordi den ofte er klar til hausting ca. ei veke tidlegare enn Timotei og det skaper problem for kvaliteten. Heller ikkje som beitegras fungerer denne grastypen optimalt fordi blir det mykje stylkar.

Vi hadde godt og lagleg vér både under første slåtten og andre slåttem. Vi starta å slå allereie den 1. juni og var ferdige den 7. juni. Andre slåtten starta den 20. juli, men på grunn av mykje etterfylling i siloane slo vi det siste først den 2. august. I år fekk vi ca. 400 kubikkmeter ferdig silomasse.

I jauar sette vi inn ny fylltømmar i den eine siloen slik at vi no har ein fylltømmar i kvar av dei to siloane. Vi brukar same styring, vifte og røyr til begge. Ved at vi slepp å flytte fylltømmaren mellom siloane så sparer vi nå mykje arbeid og avbrot ved både innlegging og uttak.

Vi prøvde oss på ein tredje slått, men då var vi ikkje spesielt heldig. Vi slo ned ca. 40 mål i midten av september, men det vart tre veker med regn og det var uråd å samle opp det vi hadde slått. Når det vart tørt nok på markane, køyrde vi over med beitepussare og greidde å spreie det meste utover så skadane vert truleg minimale. Dei siste 40 måla som vi ikkje beite køyrde vi over med beitepussaren den 20. oktober. Vi har også pussa over mykje av den enga vi beite.

Beite
I år hadde vi ut mjølkekyrne heime eit pr veker før dei flyttet til Engesetsetra. Vi slepte dei ut etter mjølking på morgonen og tok dei inn igjen til mjølking om ettermiddagen. Om natta var dei inne og blei fóra med silo. Kyrne fekk på denne måten ein litt mjukere overgang til livet ute og var bedre førebudd til dei skulle på setra. Å jage kyrne ut og inn kvar dag krever likevel ein del ekstra arbeid og ressurser, men det gjekk heldigvis etter forholdene svært bra.

Sju kviger og elleve kalver har gått heime på garden på beite heile sommaren. Dei har hatt gode beiteforhold og tilveksten har derfor vore god. Dei har veksla mellom å gå i kulturbeite og på innmark i elektriskgjerde. Ein del av den mest brattlente delane av innmarka har vi nå teke i bruk til i hovedsak beite og det gir godt beite gjennom heile beiteperioden.

Vedlikehold av innmark
Vi har denne sommaren snudd om og lagt igjen ca 20 mål innmark. Dette gjer vi for å forbedre kvaliteten på avlinga både i mengde gras og for å forbedre kvaliteten på sjølve graset. Grovfór er basisen i fóringsplanen og det er derfor heilt avgjerande at kvaliteten på graset som blir hausta er av best mulig kvalitet.

Vedlikehold
Det er også denne sommaren gjennomført nødvendig vedlikehold på bygninger, utstyr, gjerde, vegar og innmark. Med ei så stor byggningsmasse og eigendeler ellers så er behovet for vedlikehold alltid til stades. Ein del vedlikehold blir derfor gjennomført kvar år.

Bilde
Det første bildet er frå den dagen vi flytta til seters. All transport av kyr skjer med dyretransport biler.
Det andre bildet er frå den dagen vi hadde ut kalvane. Denne transporten skjer med ei transportkasse på traktoren.
Dei tre andre bilda er borneborn i arbeid på garden.

 

Home | Arbeidsveke 2003 | Sommeren 2004 | Driftsåret 2006 | Besøk 2007 | Hestekjerre 2009 | Minneord om Otto

This site was last updated 16.04.2007