Restaurering av ei gamal hestekjerre
Onkel Ingebrikt har hatt ei gamal hestekjerre ståande i
løa på Indreberg Gard i mange år. Kor mange år den har stått der lagret
veit eg ikkje, men det er iallfall svært mange. Den var vist opprinneleg
kjøpt på Ellingsøya, og planen den gong var å sette den i bedre stand
slik at den kunne nyttast. Vogna var godt brukt og trengte litt
fornying. Dette blei likevel ikkje gjort den gongen, og vognar har alle
desse åra berre stått på lager.
Når vi nå har ein hesteinteressert og arbeidssom nabo så
ser det endelig ut til at vogna kan få ein "ny vår" igjen. Ved nyttår
2009 blei vogna henta fram!
Det er mykje godt arbeid som ligg føre for å få den i god
stand, men hjula var iallfall veldig bra og det var eigentleg det
viktigaste.Onken Ingebrikt blir nå konsulent for Stig og Kjersti i
arbeidet med å restaurere vogna.
Kjersti og hesten Rølandsnina (NINA) hentar kjerra på Indreberg
Kjersti, hesten Nina og onkel Ingebrikt med kjerra vel framme i
Otterlei
|