Indreberg Gard
Minneord om Otto
   

© Indreberg Gard

Home
Arbeidsveke 2003
Sommeren 2004
Driftsåret 2006
Besøk 2007
Hestekjerre 2009
Minneord om Otto

 

MINNEORD
                   

Tirsdag 18.desember gjekk Otto i fjøsen som vanleg - saman med dottera Torill.  Dei starta fjøsstellet og Otto gjekk  til kalvane for å ordne litt med dei. Torill heldt på med sitt like ved. Han kom til Torill, tok henne på skuldra og sa ” Eg føler meg så rar”, og så fall han i armane hennar. Han blei lagt i stabilt sideleie, og ho sprang inn for å hente telefon og Petra. Han pusta då sjølv. I det ambulansen kom, etter kort tid, stoppa hjartet og dei starta med hjarte og lungeredning. Dei arbeidde med han heilt til helikopteret kom, og han blei så frakta til Ålesund Sjukehus. Vi fekk der beskjed om at det var svært alvorleg, men dei arbeidde med han og gjorde alt som var mulig for å redde han. Torsdag blei han kobla frå respiratoren og døydde like etter med dei fleste i familien rundt seg. Årsaka var ei alvorlig hjerneblødning.

Otto  blei fødd 3. juli 1928. Foreldra var Laura og Erling, og han vaks opp i Berget i en søskenflokk på 8. Han tok utdanning på Gjermundnes Landbruksskule og seinare på Lærarskulen i Volda.

Han gifta seg i 1953 med Petra Aannø, og  dei fekk etterkvart 5 born: Eirik, Audun, Torill, Linda og Trond.

Han tok over garden i 1965 og har dreve den sidan. Han var lærar ved Haram Realskule i fleire år, og midt på 60- talet blei han engasjert i politikk - i første omgang skulepolitikk. Etterkvart tok politikken overhand, og han arbeidde på fulltid som ordførar i til saman 12 år - først i storkommunen - sidan i Skodje Kommune.

Etter han slutta i politikken, arbeidde han igjen som lærar ei stund, tok utdanning innan data (i ein alder av 60 år), og avslutta det ”offisielle” arbeidslivet som skulesjef i Skodje.

Ein skulle tru at alt dette var nok. Men Otto var ein engasjert mann, og hadde interesse for det meste som hadde med bygda og samfunnet elles å gjere:

  • Ei sterk drivkraft i Skodje Skulekops og Sunnmøre Hornmusikklag i ein mannsalder (som administrator)

  • Interessa hans for historie ga seg utslag i eit stort engasjement for Sunnmøre Museum

  • Skodje Sogelag og den nære lokalhistoria (m.a. lange innlegg i dei siste års-skrifta til Sogelaget – og han hadde allereie klart neste års tema!)

  • Var aktiv i gjenoppstarten av Skodje Frilynde Ungdomslag og oppussinga av Fagerheim

  • Fellesbeitet på Engesetsetra og generelt samarbeid mellom bøndene i bygda.

  • Elles var han sterkt engasjert i Bondelaget, Skolelederforbundet og Tysklandsbrigadens Veteranforening

Otto var generelt sett interessert, og det i det meste. Han snakka med folk og viste interesse for kva dei dreiv med og korleis dei hadde det. Det førte til at han var ein mann som bygdefolk og andre ringde til eller kontakta viss dei trengde råd og hjelp med eitt eller anna.

Han hadde fortsatt mange planar, og planar for lang tid framover. Han var alltid optimistisk, hadde tru for at alt kunne forbetrast, og hadde ei positiv innstilling til alt og alle.

Han var stolt av opphaver sitt og sette pris på den store slekta si. Han var flink til å halde kontakta med alle her, men også med all familie i Amerika. Han hadde eit stort ønske om å reise dit til sommaren for å treffe dei alle.

Han var interessert i barnebarna og alt kva dei dreiv på med. Sjølv om mange av dei bur andre stader i landet, hadde han svært god kontakt. Minst ein gong i veka ringte han til dei for å høyre korleis dei hadde det og kva dei dreiv på med. Om det var med fotball, skulearbeid, musikk, skigåing, ALT var like interessant for han. Han oppmuntra, spurte og ga råd og hjelp.

Fred over Otto sitt minne.

              

 

 

     

Home | Arbeidsveke 2003 | Sommeren 2004 | Driftsåret 2006 | Besøk 2007 | Hestekjerre 2009 | Minneord om Otto

This site was last updated 09.11.2008