INSEMINERING
Første inseminering er i
midten av februar og i vekene som følgjar er det jamt med
insemineringar til alle kyrne og kvigene har tatt kalv.
5 – 6 veker før
første inseminering startar vi å registrere brunst, slim og når det gjekk
blod frå kua. Vi skriv ned dato, klokkeslett og andre aktuelle data og disse
opplysningane fører vi kronologisk frå dag til dag. Vi fører deretter over
på brunstkalenderen dato det gjekk blod frå kua og det er då lett å fylgje
med kvar ku når vi kan vente ny brunst.
AVLSPLANLEGGING
Vi legg ned mykje arbeid i val av uksar og grunnarbeidet blir gjort i
GENO sin database Avl i Buskp.
Vi legg i dette
programmet inn kriterie for kvar ku og skriv ut avlsplan for kvar ku. For
kyr etter ungoksar som ikkje har fått indeks, gjer vi først ei negativt
utval. Det vil seia at vi plukkar ut dei uksane som vi ikkje vil ha. Er ei
ku sein, må vi ha okse med + på utmjølking og er spenane på kua små og
tynne, må vi ha ein okse som rettar på det. Slik går vi fram for å finne den
eller dei oksane vi helst vil ha og vi set aldri opp mindre enn tre aktuelle
oksar for kvar ku. Finn vi ikkje ein okse vi er fornøgde med og som passar,
tar vi ungokse.
Slik har vi arbeidd
systematisk i nokre år og det er no sjeldan vi får kviger vi ikkje er nøgde
med. Ca halvparten av alle kviger som kalvar er etter ungoksar. Når det
gjeld produksjon er det liten skilnad på om kviga er etter eliteokse eller
ungokse, men brukseigenskapane kan skifte meir.
AVL I BUSKAP
er eit fint hjelpemiddel og til meir du arbeider med det, til meir
interessant blir det.
|