Basis i heile i fòringsplanen er gras og målet er å ha best mulig kvalitet
på graset og siloen. Dette aukar fóreopptaket pr kyr av grovfôr og er
med å redusere bruk av kraftfôr.
Vi har tradisjonelle siloar og siloen blir tatt opp ved hjelp
av ein fylltømmer (siloopptakar). Sjølve opptakaren går i siloen, graset blir deretter ved
hjelp av ei vifte blåst opp gjennom rør og plassert i ei skinnegåande
fòringsvogn i fjøsen. Heile prosessen blir styrt frå ein bryter i fjøsen.
KRAFTFÓR
I tillegg til silo bruker vi kraftfôr og antall liter mjølk er grunnlaget for
antall kg kraftfôr pr døgn.
Vi bruker FÓRMEL Elite som kraftfôr type
VITAMINER
Kyrne får i tillegg ekstra vitamintilskudd ein gong pr dag i den perioden
dei står inne.
FÒRING
Fòring skjer ved hjelp av ei appetittfôrvogn med kraftfordel. Vogna
går på skinner i taket over fôrbrettet og blir fylt opp med silo og
kraftfôr to gonger pr dag.
Kraftfôrmengde er programmert inn på vogna pr kyr og fòring av kraftfôr skjer
seks gongar pr døgn. I tillegg fórer vogna med silo og
den første fôringa skjer kl 03:30.
Første fòring med kraftfôr skjer kl 05:00 og siste kl 21:30.
Appetittfôrvogna er med på å fordele fôringa utover
nesten heile døgnet og dyra får heile tida tilgang til nytt fór.
Av dei to siloane bruker vi den eine frå hausten og fram til
den er tom i starten/midten av februar og den andre frå dette tidspunktet og
til vi slepp ut igjen dyra om våren.
FÒRING AV KALVAR
Nyfødde klaver får først råmjølk og deretter vanlig mjølk nokre dagar. Dei
første måla får dei mjølk frå flaske og deretter frå ei spann med smokk.
Som nyfødt blir kalvane plassert i eigne kalvestekker som er berekna på
småkalvar. Etter fem-seks dagar blir dei flytta over i ein stor fellesstekke
saman med dei andre kalvane.
Fòring med mjølk i denne stekken skjer via ein kalvefórings automat. Mengde
mjølk
blir fordelt i daglige rasjoner og det heile blir styrt ved hjelp av ei dataenheit
og ved at kalvane har ei databrikke i øyre.
Alle kalvar får surmjølk i dei to til tre første månadane etter at dei er
født. Dette er mjølk frå eigen produksjon som vi syrnar sjølv. Dette gir ei
mjølk av god kvalitet og som kalvane liker godt.
I tillegg får dei litt kraftfôr (FÓRMEL Kalv), høy og
etterkvart også silo.
Kalvane har også tilgong på friskt vatn frå spesielle
drikkenipler.
LYS
Lyset i fjøsen blir styrt og tilpassa fòring og mjølking. Med unntak av to
timer midt på dag står lyset på frå kl 03:30 til kl 22:30.
Årsaka til at vi bruker mykje lys i fjøsen er at det er med
på å auke daglengda for dyra i den mørke årstida.
GRAS
SILO
Vi legg nesten alt graset i silo og garden har to siloer som begge er 8
meter høge og 6 meter i diameter. Hausting av graset skjer normalt i
byrjinga /midten av juni og i byrjinga av august.
Vi nytter to trinns hausting. Graset blir slått med
skiveslåmaskin, tørka
litt på bakken og deretter køyrer vi det inn med ei lessevogn på
traktoren. Lasset blir tømt på eit matebord inne i løa og som deretter mater
det inn i ei vifte som knuser graset og blåser det over i siloen. Denne
vifta blir
drevet av ein traktor. Ved hjelp av ein fylltømmer blir graset jamna i siloen.
Det er viktig for kvaliteten på den ferdige siloen at vi fyller opp
siloen raskt og at siloen ikkje blir liggande open for lenge utan påfyll av
gras. Vi har derfor stor fokus på å få graset raskt i hus når vi startar
arbeidet med slåtten. Normalt bruker vi litt over ei veke på den første
slåtten og ei veke på hoslåtten.
Til press på siloen bruker vi vatn. Vi legg ein tilpassa
presenning på siloen, legg isoporslanger rundt heile kanten og deretter
fyller vi på med vatn slik at vi får god dekning og press over hele siloen.
Vi treng to til tre personar i arbeid under
slåtten. Ein
person som køyrer traktor med lessevogn, ein person i løa for å
passe maskineriet der og i enkelte deler av dagen, ein person til å slå nytt
gras.
ENSILERINGSMIDDEL
Vi har i fleire år brukt biologisk ensileringsmiddel i siloen og det har
gitt gode resultat og høg silokvalitet.
SILOBALGER
Vi lager kun nokre få silobalger pr år. Disse lagrast og brukast som reserve
viss vi får problem med siloopptakaren og i tillegg bruker vi nokre balger tidlig
på hausen før vi opnar siloen.
HØY
Vi tørker litt gras til høy når vêrtilhøva tillet det og det skjer ved at
vi tørker det på marka. Dette dreier seg om små mengde og vi snur derfor graset for hand
ved hjelp av ei rive for å få
det tørt.
Høyet bruker vi til dei minste kalvane og til ekstrafôr til f.eks kyr
som er sjuk.
|