At dyra har god helse er til ei kvar tid heilt avgjerande for
produksjonen, men også for trivselen på garden. Å ta vare på dyra er derfor
den viktigaste oppgåva på garden. DAGLIG TILSYN
Det daglege stellet og tilsyn av dyra gjennom heile året er ein viktig
aktivitet for god dyrehelse. Ved å bruke tid saman med dyra og å være
spesielt merksam på endringar hjå dyra, kan ein lettare oppdage
eventuelt endringar i helsetilstanden. Det betyr igjen at f.eks. sjukdom kan
oppdagast tidlig og nødvendige tiltak kan settast inn tidlig.
Ein god fóringsplan er også heilt avgjerande for god
helsetilstand hjå dyra.
HOMEOPATI
Garden har ein utstrakt bruk av naturmedisin og resultata av dette har
vore svært gode. Ved å behandle dyra med naturmedisin på eit tidlig
tidspunkt ved antydning til problem eller sjukdom, har det vist seg at
helsetilstanden ofte raskt betrar seg.
Vi har ressurser på garden som har tatt fleire kurs i bruk av
homeopati medisin på dyr.
DYRLEGE
Det er også viktig å ha eit godt samarbeid med dei lokale dyrlegane. Skodje
har ei god dekning av dyktige dyrlegar og det er viktig dei gongane ein
treng råd eller har behov for hjelp.
|