MJØLKEMENGDE PR
KYR PR DØGN
For 2005 hadde vi ein gjennomsnittleg produksjon pr årskyr
(18,3 årskyr) på 8730 liter mjølk. Dette er svært bra og ligg ca 2300 liter
over landsgjennomsnittet.
Vi veg eller måler antall liter mjølk pr kyr
ein gong pr månad (veging er uttrykket som blir brukt på denne
aktiviteten) . Det gjer vi ved å måle antall liter mjølk ved mjølking
om kvelden og deretter tilsvarande morgonen etter. Disse to resultata blir
deretter lagt saman til en sum mjølk pr kyr pr døgn.
Kg kraftfôr kvar kyr skal ha blir justert etter resultatet av denne veginga.
Beste kyr
I 2003 var "EMMA" den kua med størst produksjon. På det meste produserte
ho heile 56 liter mjølk pr døgn og det gav ein årsproduksjon på 10.700
liter mjølk.
"EMMA" har elles ein imponerande statistikk bak seg. Ho fekk nå i desember
2003
sin femte kalv (dessverre kun ein kukalv), ho har kalva på omlag same tidspunkt
kvart år, ho har
mjølka godt kvart år og vi har ikkje hatt dyrlege til ho ein einaste gong.
I 2004 har produksjonen til "EMMA" vore endå høgare -
11.800 liter mjølk.
Pga at ho ikkje tok kalv i 2004 så måtte vi dessverre ta kua ut av
produksjon i slutten av året..
|