Vi er så heldig å bu i
eit distrikt med fantastisk fin natur, og det gir oss høve til mange fine
turar. Innan ein relativ liten geografisk radius har vi mange ulike
typar turar å velje mellom. Det er alt frå enkle turar på tilrettelagde
turstiar eller skogsvegar, fjellturar av nesten alle vanskegradar og til
toppturar der ein må (eller iallfall bør) nytte sikring
med tau.
Indreberg Gard ligg midt
i dette fantastiske området og vi har mange alternative turar i
nærleiken. Det fjellet eller området som er nærast garden er Nihusen og dette
området er til stor glede for både store og små, gamle og unge personar
knytt til garden. Vi nytter dette turområdet heile året og opplevinga av
naturen er til stor glede både sommar og vinter.
Naturen ligg der og det
berre for den enkelte å nyte ein forfriskande tur - heilt gratis!
2007
Rogneskarmyra
Indreberg Gard saman med dei andre
grunneigarane av skogsvegen frå Berget, har sidan nyttår hatt ei
”Trimbok” på Rogneskarmyra. Dette er ein tradisjon som Skodje Idrettslag
har hatt i mange år, men uvist årsak så la ikkje Idrettslaget ut ny bok
for 2007. Vi har derfor midlertidig hatt ei bok på staden, men når no
Idrettslaget frå 1 oktober 2007 la ut ny bok, så fjernar grunneigarane
sin bok.
Frå 1 januar til 30 september så har det
vore omlag 1500 registreringer i denne ”Trimboka” og det er svært positivt.
Registreringane viser at det er mange personer som går denne turen fleire
gonger per veke, og i tillegg er det positivt at mange skuleklasser og
barnehagen også nyttar dette turområdet.
|