HISTORIKK
Det er uråd å seie kor lenge det har budd folk på garden INDREBERG, men så
lenge ein i dag er kjend med folketeljingar og andre statistikkar har det
vore to bruk på Indreberg (det som i dag er bruksnummer (bnr) 1
(Ellinggarden/Otterlei) og bnr 3 (Erikgarden/Indreberg). Tuna stod i
området vest og nord for der stabburet til bnr 3 står i dag. Det er også
klart at det har vore eit felles tun og husa stod om einannan.
Først på 1800-talet tok ein til å dele tuna.
Der er i dag ei rekke tufter som viser spor etter tuna og dei største murane står
nord og vest om stovehuset til bnr 2.
Det blir vidare fortalt at husa kring 1770 vart tatt av snøskred. Det synest rart i dag, men ein må tenkje på at det
ikkje var skog i området på den tida og når vatnet demde seg opp i
dektene ovanfor, skulle det ikkje så mykje til før snø og vatn kom rausande,
det som bli kalla vassglop.
Namn på ulike stader, åker og eng vitnar om at namna må ha sitt opphav
i norrøn tid. Eit av dei mest typiske i så måte er åkeren GRÅTEN. Erling
(førre eigar) sa
alltid at det var eit merkeleg namn på ein åker, og det hadde han sikkert
rett i. Vi meiner likevel nå å ha funne årsaka til dette namnet. Vi undersøkte åkeren om
vi kunne finne ein større stein og ganske rett, ein stor stein
låg midt i åkeren. Då var opphavet til namnet klart. Namnet kjem
av det gammalnorske ordet «grjot» som tyder stein. Vi er her vitne til ein
omlyd som ikkje er vanleg i distriktet der denne type ord normalt har blitt til grøt(t) eller
graut. Vi må også nemne namn som brauta, kriken og rongja. Ved sjøen attmed
nausta finn vi kataberget som sikkert skriv seg frå det gammalnorske ordet
kotr som tyder båt og i genitiv heiter det katar. Det var her dei brukte å
legge til med båtane i gamal tid. Vi har tilsvarande namn som Katavågen ved
Sunnmøre Museum og nordspissen av Skottland som i gamal tid heitte Katanes,
no Cateness.
I tillegg til
merke etter hus har vi truskeveita som gjekk frå området nedanfor Ørnekula
og heilt ned til løa i Erikgarden (bnr 3). I seinare tid var der også ei avgreining
til løa i Ellinggarden (bnr 1). Når den er bygd veit ingen, men den er
første gong beskriven i utskiftinga på innmarka i 1875. Den er også med i utskiftinga i 1902. Det er her
ei klar beskriving av plikter til vedlikehald og
ansvar for å veite vatnet attende etter bruk. Den var i bruk til
parafinmotoren overtok drift av truskemaskina på 1920-talet.
Vi må vidare
nemne sjøvegen. Garden hadde både køyreveg og gangveg.
Like ned om
og litt vestafor Rogneskaret finn vi Bergs-Ola-Hjellen. Dette er ein
tjørehjell som er relativt godt bevart. Den har truleg namnet etter ein Ola
som levde på 1600-talet. Han omkom ved ei mile ved Apalvikstølen, truleg av
kolosforgiftning. Det var også ein tjørehjell der Nygård har huset sitt.
Eit anna
særmerkje er dei store områda der myrjorda er køyrd bort. Molda vart nytta
under kumøkka i løa for å samle opp den flytande gjødsla. Til saman er det
køyrt bort mold frå 3-4 da frå området med størst uttak.
Kyrkjevegen
Avtalen mellom bøndene i Skodje om å bygge ein bygdeveg til Vatne vart
underskriven i 1884. Før den tid var det ingen køyreveg mellom Skodje -
Straumen - Stette og vidare mot nordvest. Når ein skulle fare bygdemellom
måtte ein anten bruke båt eller stiar som var trakka og desse stiane gjekk
oftast gjennom gardstuna. Ein slik sti gjekk frå Stette gjennom Straumsdalen til
tunet i Ytreberg - vidare gjennom tunet på Indreberg og på skrå søraust over
og kryssa bøgarden omlag der løa til bnr 1 står i dag. Dette var kyrkjeleet.
Like attmed leet eller grinda var KYRKJELEHOLA. Dette var den best oppkoma
på Indreberg og den heldt vatnet betre enn alle andre brunnar i dette
området. Derfrå og
austover var det blautt og det var derfor lagt ned heller og stokkar til å gå på
heilt austover til Ådalen. Denne vegen var i bruk som gangveg til lenge
etter at køyrevegen var ferdig.
Gamle åkrar
og reiner
Gamle åkrer og reiner
er eit anna særtrekk. Fordi tuna låg så høgt, har mange av desse ikkje blitt
borte i det dyrkingsarbeidet som er utført på 1800 og 1900 hundrede talet.
Utskiftinga
på innmarka i 1875 endra på ein del tilhøve. Tidlegare var ikkje
innmarka på Indreberg delt i to stykke mellom bnr 1 og bnr 3 slik som den er
i dag. Det som blei
kalla Øvstebøen var delt i heile 36 teigar, 18 på kvart bruk. Ved utskiftinga i 1875 vart
innmarka delt mellom dei to bruka og dei fekk kvar sin likeverdig del og
dette er det bytet som går mellom bnr 1
og bnr 3. Ved utskiftinga i 1902 vart innmarka utvida en del og mellom anna heilt
til bytet mot Nedreskodje.
Innleggsmarka
Innleggsmarka på bnr 3 (Erikgarden/Indreberg) måler i dag ca. 120 da. Av dette er ca 70 da
dyrka, ca 40 da
gjødsal beite, ca 10 da til tun, vegar og i tillegg ca 460 da skog og anna
utmark. Ca 400 da av skogen har høg bonitet (høgt vekstpotensiale).
Dersom ein
startar frå sør har teigane på innmarka følgande namn:
Lisjegjerdet 7 da
Gjerdesletta 13 da
Trekanten 5 da
Kroken 15 da
Sjøleåkeren 12 da
Bakkeåkeren 6 da
Teigen 4 da
Smiåkeren 8 da
Beite
Under høgspentlina 8 da
Sommarfjøsåkeren 6 da
Stalltufta 6 da
Bakkane, vest 10 da
Bakkane aust 10 da
Korn
Dei gamle
åkrane var frå gamalt nærast heilage. Det var der dei dyrka korn og på
Indreberg dyrka dei bygg, havre og blandakorn. Kornet var viktig fordi det
gav mjøl og det gav igjen mette magar. Det motsatte var tilfelle når kornet
ikkje vart moge, nemlig lite mjøl og svolten var ofte ein faktum i periodar.
Teigen var byggåkeren på garden. Å kunne dyrke bygg gav status og det
var få garder i Skodje som betalte sitt tiendeI (skatt betalt i
naturalia til presten) i bygg. I dag veit vi at det er bygget sitt store
behov for gjødsel som gjorde at dei fleste ikkje fekk bygget til å
vekse.
Garden dyrka korn fram til 1957.
Husdyr
Frå gamalt har garden hatt kyr, kalvar, sauar, høns, griser og hest. Dette
gav mat og gode råvare til vidareforedling og kunnskap om å utnytte og
vidareforedle råvarene har derfor alltid vore viktig.
Det var først på 1970-talet at produksjonen
gradvis vart lagt om og ein begynte å konsentrere det meste av drifta mot
mjølkeproduksjon. Vi slutta med sauar i 1988 og sidan den tid har vi
berre hatt kyr.
|