![]() |
Indreberg Gard![]() |
© Indreberg Gard |
||
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]()
|
2011 Det er nå nøyaktig ett år siden vi flyttet inn i den nye fellesfjøsen og sjølv om det gjenstår ein del arbeid, så har vi eigentleg komt godt i gang.Det er mykje nytt som skal lærast og mykje utstyr som skal takast i bruk for første gong, og dette kreve noko tid for å få inn i gode rutiner. Dette vil vere ein kontinuerleg prosess, men vi har likevel fått ein bra start dette første året. Veret denne hausten var vore dårleg med svært mykje regn. Vi var heldig og fekk i hus ho-slåtten akkurat i tide, men siden den gong har det vore uråd å køyre på markane med traktor. Ein utfordrande situasjon når det ikkje er mulig å få køyrt ut natur gjødsla, men vi håper likevel at vi har nok lagerplass for vinteren.
Juni Nå blir det å få ut gjødsel, men med dei nedbørmegdene som er nå så må dette vente til det tørker opp igjen. Kalvene og kvigene som vi har gående på garden hos oss har gode dager med mykje mat.
Mai Nå har vi akkurat hatt ut dei første dyra, og 10 kalver er foreløpig nå på plass hos oss på Indreberg. Det er mulig at det også blir fleire dyr på beite hos oss etterkvart, men foreløpig så er det kun desse kalvene som nyter gode dager på grønt gras.
2010
Vi har nå flyttet inn i den nye samdriftsfjøsen på
Reitereset! Distriktets flottaste fjøs :)
August Vi er nå godt i gang med ho-slåtten. Pga at vi til hausten skal flytte inn i den nye fjøsen så vil all ho-slått bli laget til rund-baller. Vi gjennomfører ogaå slåtten i fellesskap med dei andre bøndene i "ny-fjøsen" og det går derfor fort unna når heile "apparatet" er i aktivitet.
Juli Vi er ferdig med slåtten og avlingene blei noko mindre enn normalt. Alt er minst to veker seinere enn normalt, men kvaliten på fóret blei sannsynligvis ganske bra likevel. Våren var så sein i år at graset ikkje var haustande før mot slutten av juni.
Mars
Søndag 7.mars, STJERNE kalva og fekk tvillinger, ein
uksekalv og ein kyrkalv.
Mandag 15. mars, AMANDA kalva og fekk ein uksekalv.
Februar
Fredag 19.feb, HARDI kalva og fekk ein kyrkalv.
Søndag 21.feb, VERASKA kalva og fekk ein stor kyrkalv
Januar
Nå har det endeling sluttet å snø....... Torsdag 7.jan, BITROS kalva og fekk ein kyrkalv.
Søndag 10.jan, LIVROS kalva og fekk ein uksekalv. Mandag 11. jan, PUNKY kalva og fekk ein kyrkalv. Fredag 15.jan, INKU kalva og fekk ein kyrkalv
2009 Laurdag 6.des, PLOMREI kalva og fekk ein fin uksekalv.
Tirsdag 8.des, ENGI kalva og fekk ein kyrkalv. Onsdag 9.des, BRITA kalva og fekk ein stor kyrkalv Tirsdag 15.des, RAGGEROS kalva og fekk ein stor uksekalv.
Torsdag 17.des, FJELLROS kalva og fekk ein uksekalv.
Søndag 20.des, JONNA kalva og fekk også ein uksekalv.
Torsdag 24.des, NETTE kalva og fekk ein kyrkalv.
Torsdag 31.des, TORLIN kalva og fekk ein uksekalv
November Torsdag 12.nov, RØDLIN kalva og fekk ein fin uksekalv.
Oktober Alle dyra er derfor inne nå og fjøsen er full. Per dato er det 37 dyr totalt, der det er fordelt på 15 kyr, 11 kviger og 11 kalver. Det er to av kyrne som etterkvart skal slaktes og vi har totalt 24 dyr som skal kalve i løpet av vinteren. Akkurat nå er det heller liten aktivitet i fjøsen og det er kun 6 kyr som mjølker. Etter planen skal den første kalve om ca ein månad.
September Kvigene og kalvane går ute på beite heime og har det også gode beiter, men dessverre vått......
Det regner, det regner....... Vi har også hatt inn kvigene og det gjekk heldigvis utan problem. Det er alltid litt spenning når så mange dyr skal inn om hausten, men nå er dei iallfall trygt inne. Alle båsplassene i fjøsen er nå fyllt opp med dyr, og det er kun kalvene som går ute. Planen er at dei skal gå ute nokre veker til, men veret avgjer kor lenge.
Vi har vore i Ramstaddalen og helst på ei nye
kattane våre, Findus og Fia.
Juli
April Det er nå påske og påskegjestane er i ferd med å innta garden. Ivrige hjelpere vil den komande veka delta i fjøsarbeidet og ellers aktiviteter ute på arbeidsdagane.
Klauvskering
Mars Det største utfordringa akkurat nå er å passe på brunst og få inseminert på rett tidspunkt. Ei utfordrande oppgåve!
Februar 5. feb, VICTORIA kalva og fekk ein stor kvigekalv. Ho har gått ei veke over termin og både kyr og kalv var svært stor, men heldigvis gjekk alt bra. Kyra fekk dessverre mjølkefeber, men ho fekk raskt behandling og eg håper derfor at det skal gå bra. 10.feb, HARDI kalva og alt gjekk bra. Det blei ein uksekalv og vi har nå 10 uksekalvar og 10 kvigekalvar. Uksekalvane selger vi når dei er ca tre månader og dei første kjem vi derfor til å selge i løpet av vekes tid. Det er nå tid for inseminering, og vi har starta med å inseminere dei første kvigene. Dette er på mange måter ein krevende periode fordi det kreve ekstra både tid og oppmerksomhet i fjøsen for å få med seg dei små detaljane knytt til brunst.
Januar Mandag 2.jan, KJEROS er meldt inn til slakt. Ho har dessverre ikkje blitt roligere slik eg håpet og dei siste dagane har ho tvert i mot blitt meir urolig. Det går greit å vaske ho og også sette på mjølkeorganet, men mot slutten av mjølkinga så starter ho å hoppe rundt, og då er marginane små for at nokon kan bli skadet. Dette kan derfor ikkje fortsette. Laurdag 10.jan, vi har nå fått avløysar i fjøsen og han vil vere hos oss i ca to veker. Han har vore avløysar hos oss tidlegare og også arbeid fleire sommere på fellesbeitet og han er derfor godt kjent i fjøsen. Det er vi som er med på fellesbeitet som leiger han inn, og han vil dei næraste vekene vere ein periode med kvar av oss. Torsdag 15.jan, kom dei heldigvis frå slakteriet og henta KJEROS. Ho har siste veka berre vorte verre og verre "på humør", og det må i grunnen berre opplevast for heilt å forstå kor utfordrande det har vore å handtere denne kua. Heldigvis har ingen blitt skadd. Fredag 16.jan, JULIE kalva og fekk ein fin kvigekalv. Ho hadde mjølkefeber etter kalving i fjor, og vi var derfor spesielt merksam på dette også i år. Og ganske riktig; ho fekk mjølkefeber, men denne gongen gjekk det heldigvis bra. Søndag 18.jan, STJERNE kalva tidleg denne morgonen og ein stor uksekalv låg på fjøsgolvet når vi kom i fjøsen. Heldigvis hadde alt gått bra.
2008 Det går nå greit å mjølke KJEROS, men marginane er svært små. Ho er svært vár på endringar eller bevegelser, og det skal derfor ingenting til for at ho bli heilt "rabiat". Spesielt når ho er nesten ferdig eller akkurat ferdig å mjølke er eit kritisk punkt. Då kan ho bykse høgt frå side til side i båsen og sparke alt ho kan. Det har heldigvis likevel gått bra så langt, men marginane er små.
Tirsdag kveld, DORTE fekk mjølkefeber. Dyrlegen kom raskt
og ho fekk ein beholder med intravenøs kalk blanding. Ved midnatt greide
ho fortsatt ikkje å røyse seg opp. Slik det ser ut nå i kveld så må vi
ha ei ny behandling i morgon tidleg. Mens vi var i fjøsen denne seine kvelden så blei FJELLROS uroleg, og viste plutseleg tydelege teikn på å vere kalvesjuk. I løpet av minutter kom kalven, og også dette ein ukse kalv. Ei svært rask kalving som nesten kom ut frå intet, og 10 dager for tidleg.
Onsdag, det gjekk dessverre som fryktet med DORTE, i
kveld måtte ho nødslaktast. Vi hadde dyrlege onsdag morgon og
ettermiddag, og ho fekk fleire behandlinger mot mjølkefeber. Dette
fungerte, og ho både åt og drakk. Ho greide likevel ikkje å røyse seg.
Dyrlegen meinte at ho kanskje hadde fått ein lammelse eller skade i
bakføtene, og at det var årsaken til at ho likevel ikkje greide å røyse
seg. Det er like hyggelig når slikt skjer, men det er dessverre svært
lite vi kan gjere med det. Laurdag 13 des, BRITA kalva og endelig blei det ein kvige kalv. Vi har fått ni kalvar så langt i år, og av dei er det kun to kvige kalvar. Litt skeivt fordelt, men vi håper at det jamner seg ut etterkvart. Tirsdag 16 des, PUNKY kalva. Midt under mjølkinga denne kvelden kalva denne kyra og vi fekk ein kvige kalv. Dette er den nest siste kviga som kalva (første kalv), og alt gjekk heldigvis bra. Det var heller ikkje problem å mjølke ho, og til å vere kvige så var der også mykje mjølk.
Mandag 22. des, familien som skal vere her i jula har
komt heim og vi har nå mange gode hjelpera på garden. Hilde har startet
å klippe og stelle ekstra med kyrne og kvigene i fjøsen. Dei blir nå
skikkeleg fine til jul! Torsdag 25. des, RAGGEROS hadde kalva når vi kom i fjøsen på juledag. Ein stor og fin kvigekalv låg på fjøsgolvet og alt hadde gått bra. Om kvelden kalva FAGREI, og også dette var ein kvigekalv. Vi har vore litt spent på korleis denne kalvinga ville bli pga at kyra har ein "tilstand" der litt av innvollane enkelte gongar kjem litt ut. Dette er slikt som kan skje iflg dyrlegen, og det er heller lite ein kan gjere med det. Men kalvinga var altså heilt problemfri, og så får vi sjå korleis det går med kyra vidare. Laurdag 27. des, TORLIN kalva i det vi kom i fjøsen denne morgonen. Dette var ei veke før termin, men kalven var likevel stor og fin. Søndag 28. des, TAMARA kalva og vi fekk nok ein stor fin kvigekalv.
Mandag 29. des, ELVIRA kalva og vi fekk ein stor fin
uksekalv. Onsdag 31. des, ROSENKRONE kalva og vi fekk ein ny kvigekalv. Denne kyra kalva to veker før termin, men det gjekk heldigvis bra og kalven var normalt stor.
November Tirsdag 11 nov, eg har komt meg gjennom to nye mjølkingar av KJEROS og det har gått litt bedre. Det er fortsatt meir enn nok utfordrande, men eg har iallfall greid å unngå nye spark. Torsdag 13 nov, "bedre og bedre dag for dag" med mjølkinga av KJEROS. Ho er nå litt roligare og det verkar som ho har begynt å venne seg til situasjonen med å bli mjølka. Det skal fortsatt svært lite til for at ho blir uroa og redd (og då bør ein helst ikkje står i vegen når ho "hoppar rundt"...), men eg har likevel trua på at det skal gå bra. Mandag 24 nov, SVARTROS kalva. Ein svært stor uksekalv som kom til verda ei veke over tida, men alt gjekk heldigvis bra.
Torsdag 27 nov, mykje regne og snøsmelting som gjorde
store skader på gardsvegen. Ei grøft gjekk tett rett nedom huset og
store vannmengder kom ut i vegen. Dette resulterte i svært store skader
på vegen, og den var ikkje lenger køyrbar. Fredag 28 nov, DAGROS kalva. Ein uksekalv låg på fjøsgolvet når vi kom i fjøsen denne morgonen. Alt hadde gått bra.
Oktober
Dei fleste kyrne er nå i ferd med å "tørke opp"
(avsines), dvs at dei ikkje lenger mjølker. Kyr skal vere tørre i ca 8
veker før dei skal kalve igjen. Per dato er det derfor kun fem kyr som
mjølker. Vi har nå i ei veke hatt besøk av barnebarn i haustferien. Dei har ivrig deltatt i aktiviteter på garden, og spesielt arbeid med dyra er kjekt. Dei er aktivt med i fjøsen og dei begynner verkeleg å bli flinke. Dei lærer fort, og legg stor entusiasme i arbeidet. Det er kjekt å ha slik arbeidshjelp! Laurdag 18. okt har vi hatt inn dei 12 kalvane. Det er alltid litt spennande når vi skal ha inn så mange dyr, men det gjekk heldigvis heilt problemfritt. Vi tok dei først inn i småkalvestekken, og flyttet dei deretter over i dei to stekkane som er beregnet til store kalver (kviger). Takk til onkel Arve for god hjelp! Mandag 20 okt; den første kua kalva (LIVROS), men det var tre veker før termin. Vi såg raskt at det var noko galt og dyrlege blei tilkallt. Det viste seg at kua hadde tvillingar og at dei låg feil veg. Begge kalvane var dessverre daude. Søndag 26 okt, VERASKA har kalva. Ein stor fin uksekalv var komt til verda når vi kom i fjøsen denne morgonen.
September Planen nå er å ta kyrne heim frå fellesbeite i slutten av denne veka. Vi har derfor starta førebuinga heime med å klargjere fjøsen for å ta heim igjen kyrne.
Kyrne er nå heime igjen etter nesten tre og ein halv månad på
Engesetsætra Fellesbeite. Heimtransporten gjekk utan problem og blei
utført av Myklebust dyretransport. Dei første kyrene er nå avsinet (mjølkar ikkje lenger), og fleire vil det bli i løpet av dei næraste vekene. Kyrne skal avsinast seks til åtte veker før kalving, og det er denne perioden vi nå går inn i. Det er derfor for tida heller lite mjølk og endå mindre vil det bli dei komande vekene. Kvigene og kalvane går ennå ute, men kvigene vil vi ta inn om ca ei veke. På Engesetsætra har det denne veka vore full aktivitet for å vaske ned anlegget og ta ned alle gjerder for vinteren. Det har i hovedsak vore avløyserane som har vore der i sommar som har utført det meste av dette arbeidet. Neste veke kjem fleire barnebarn på besøk i haustferien og det gleder vi oss til.
August Vi har nå i fleire veker hatt mange gode sommer-hjelpere på garden, både store og små hender. Dette har vore veldig kjekt, og i tillegg har det vore til god hjelp med alt arbeidet som må gjerast nokre hektiske sommerveker. Vi har derfor fått utført ein del viktig vedlikehald på bygningar og utstyr. Kvigene og kalvane nyter gode dager på godt beite på garden. På fellesbeitet går det bra, og kyrne blir godt tatt hand om av gode avløysare.
Juli Det er nå ein månad sidan kyrne flytta på sætra, Engesetsætra Fellesbeite.Totalt er der nå 105 kyr på fellesbeite, og det er innleigde avløysera som tar seg av den daglige mjølkinga. Det er naturleg nok ein del arbeid og problemstillingar på eit så stort fellesbeite, men det har egentlig gått bra så langt denne sommaren. Kviger og kalvar går heime på beite. Slåtten gjekk bra, og både silo og tørrhøy er nå i hus. Det var i år svært mykje avling, og vi har sannsynlegvis ikkje hatt meir gras nokon gong tidlegare. Eit luksusproblem, men det er likevel ei utfordring med ei så stor avling. Pöttinger Ponny lessevogna som har vore til sals er nå solgt.
Mai
Den 8 mai hadde vi mjølkekyrne ut på beite. Den første
dagen ut om våren er litt spesiell og dei er relativt "våryr" av seg.
Men alt gjekk veldig bra og vi fekk dei også trygt inn igjen i fjøsen om
ettermiddagen. Vi var ekstra godt hjelpt med folk denne første dagen, og
alt gjekk utan problem. Det har vore litt varierande ver, og kyrne har derfor ikkje vore ute alle dagar. I tillegg til at det er utriveleg for dyra, så trakkar dei også mykje opp på markane når det er for vått. Dei dagane med mest regn har kyrne derfor vore inne heile dagen.
April I fjøsen er det for tida stabilt og mjølke produksjonen er tilfredsstillande.
Vi har nå ferdig med gjødslinga. All naturgjødsel fekk vi kjørt utover
markane til rett tid i høve veksten på graset. Vi blandar mykje vatn i
gjødsla og rører godt om i gjødselkjellaren, og det gjer at det er ei
relativt tynn masse som blir spreidd utover markane. Den siste kua, AMANDA, kalva på fredag og det skjedde utan komplikasjonar. Ho fekk ein stor uksekalv. Oppsummert så har vi denne vinteren fått 12 kukalvar og 7 uksekalvar.
Mars
I påskeferien er alle barnebarna på besøk på garden og alle koser seg
ved å vere saman. Mange som hjelper til i fjøsen og spesielt kalvane får
mykje ekstra kos og stell desse dagane.
Februar
Situasjonen har heldigvis stabilisert seg i fjøsen, og dei to siste
vekene har vore positive og utan problem. VICTORIA og KATINKA har kalva
utan problem og vi har fått to fine kukalvar. VICTORIA fekk riktig nok
mjølkefeber rett etter kalving, men det blei oppdaga rask og veterinær
kom etter kort tid. Behandlinga verka godt på denne kua og ho kom seg
fort. Vi har også kjøpt ei ny kvige eller eigentleg ei ku sidan ho kalva for ei veke sidan. Den blei kjøpt gjennom Nortura, men kjem frå Hareid der ein gard nå er under avvikling. Fordi ho kjem frå Hareid så har ho fått namnet HARDI.
Januar Det vil i første omgang vere nokre av borna i fellesskap saman med mor som vil drive garden vidare. Driftsopplegget blir som før, og arbeidsoppgåvene vil bli fordelt etterkvart. Den siste av kvigene SIRI, kalva natt til onsdag og det gjekk utan problem. Ein friskus av ein uksekalv som to gonger i løpet av det første døgnet greidde å kome seg ut av kalvestekken og spaserte fritt omkring i fjøsen. Fluktvegen er nå stoppa, og han ser nå ut til å slå seg til ro i stekken.
2007
Eit strevsamt liv har ebba ut.
Desember starta veldig bra, og vi fekk ein stor og fin kukalv på søndag.
Det var ELVIRA som kalva og alt gjekk utan problem. Dette er ELVIRA sin
andre kalv og vi har store forventningar til denne kua i år.
Tysdag denne veka, var det to kyr som kalva. SVARTROS kalva på dato og fekk
ein stor uksekalv, mens JULIE kalva to veker før tida og fekk ein
kukalv. Begge kalvingane gjekk utan problem. Den kalven som vi har hatt problem med å få til å drikke skikkeleg er ennå ein problemkalv. Den er blitt litt betre til å drikke, men det meste av drikke får den via ein sonde. Den svelger godt, men den vil ikkje suge skikkeleg. Vi har nå hatt den over i den store stekken saman med dei andre kalvane, og så får vi berre håpe at litt sosialisering vil gjere den godt.
Jakt
November Kalvinga er no i gong for fullt og denne helga har vi fått ikkje mindre enn tre kalvar. Det er to kviger og ei kyr som har kalva, og alt har gått bra. Til den siste måtte vi ha dyrlege pga at det var vanskeleg å få frå kalven, men det gjekk heldigvis bra både med kyr og kalv. Alle dei tre kalvane som kom i helga var kukalvar.
Utstilling
Oktober Det er nå haustferie på skulane og mange barnebarn har derfor nytta høvet til eit besøk på garden.
September
August Kalvar og kvige som går heime har nå gode beiter på nytt gras, og har vel bortimot optimale forhold om dagen. På fellesbeitet går det bra, og produksjonen held seg godt. Det indikerer også at dyra har det bra og at dei har gode beiteforhold.
Visitors (link to more
pictures)
Juli På Fellesbeitet går det som det skal utan vesentlege problem, og kyrne mjølkar godt. Dei første barnebarna er nå komen heim på sommarferie og fleire vil følgje dei komande dagane. Det gler vi oss til! Det er no siste veka i juli og vi er klar til å starte "ho-slåtten". Vi venter berre på noko betre vêrutsikter før vi kan starte opp. Barnebarn Birte landar på Vigra tysdag 7. august. Vi satsar på fint vêr, og mykje sol og varme dei dagane ho er her! Det knyt seg spenning til om Birte også i år kjem til å trakke i kuskit utan støvlar.
Juni Kalvar og kviger går på beite heime, og dei har også gode tilhøve med mykje mat. Slåtten er ferdig, fjøsen er vaska og naturgjødsla er ute, og vi er ikkje komen lenger enn til jonsok. Spesielt slåtten er tidlegare enn i eit normalår, men avlinga var likevel stor og av god kvalitet.
April I påskeferien har vi hatt mykje familie og ikkje minst barnebarn på besøk og mange ekstra arbeidshende har vore med i fjøsen. Det er alltid både utfordrande og spennande å kunne delta i fjøsstellet og med mjølking og barnebarna er svært interessert i å arbeide. Kalvane liker også godt når nokon vil leike med dei. Våren kom rett over påske, og vi har nå starta arbeidet med å få ut gjødsel.
Mars Vi har den siste veka hatt ein virussjukdom i fjøsen, men nå ser det ut til rette seg og i dag åt alle som normalt. Viruset har ikkje vore verken farleg eller spesielt alvorleg, men det gav mageproblem. Til helga kjem dei fleste barnebarna på påskeferie og det gleder alle seg til!
Februar Dei to siste vekene har det vore ein del arbeid i skogen. Vi har saga ned ein del skog frå kulturbeitet og det har vi også fått ned til vegen. Det har i denne perioden vore eit heilt optimale arbeidsforhold for skogsarbeid med kaldt fint ver og litt snø.
Januar Den siste av kvigene, "SILJE" kalva på torsdag og det gjekk dessverre ikkje så veldig bra; kalven dauda. Vi hadde dyrlege til kalvinga, men det viste seg at den store uksekalven ikkje overlevde kalvinga. I kveld skulle denne kviga mjølkast for fyrste gong og det gjekk heller ikkje så veldig bra. Det er alltid litt spennande når ein skal mjølke ei kvige for fyrste gong, men som regel går det bra. Kviga i dag var svært vilter av seg og det er nærast ein "risikosport" å arbeide med slike dyr. Vi fekk likevel roa den ned og fekk mjølka den, men er nok usikker på korleis dette vil utvikle seg vidare. Det blir spennande i morgon og sjå korleis den reagerer ved neste mjølking. Dagen starta godt ved at "JULIE" kalva utan problem og vi fekk ein kukalv. Det store spørsmålet i dag var likevel korleis det ville gå ved mjølking av "SILJE" og heldigvis; det har gått mykje betre enn vi kunne frykte i går. Det ser ut til at den roer seg og at det kanskje likevel er "håp" om at dette skal gå bra. "ROSALIN" kalva i dag, søndag, utan problem og fekk ein uksekalv. Det går heldigvis bra med mjølking av "SILJE", men i dag var der "rusk" i ein spene og vi tilkalla dyrlege for å starte behandling av jurbetennelse. Ho får nå sprøyte nokre dagar og i tillegg blir all mjølk tømt vekk. "MARI" kalva denne veka og fekk ein kukalv. "SILJE" er framleis under behandling for jurbetennelse, men er nå snart ferdig med medisinen. Mjølkinga av ho går heldigvis veldig bra nå og det er ikkje noko problem. |
This site was last updated 11.02.2012