FELLESBEITE HISTORIKK
Oppstarten for fellesbeitet var eit samarbeid mellom seks bønder i Skodje
kommune, tre frå Skodje sentrum og tre frå Engesetdal.
Vi starta i
1982 med å vurdere område for fellesbeite og etter drøftingar med
grunneigarane kom vi fram til jordleigeavtale på 30 år og beitet vart
godkjent i 1983. Det var det siste fellesbeite som vart godkjent i Møre og
Romsdal.
Vi leiger ca
380 da.
I 1983 kom vi
i gang med opprusting og bygging av ny veg. Deretter startet vi med
graving av kanalar og til saman har vi grave ca 4 km med kanalar. Så kom
grøfting og i 1983 la vi ca 30 km med grøfterøyr og seinare er det lagt ca
10 km til slik at vi i alt har grave ca 40 km med drensgrøfter.
Den som har
stått for det aller meste av dyrkingsarbeidet er Ingebrigt Hatle. Saman med
han i 1983 var også Inge Myrbostad. Seinare har
andre utført mindre arbeid.
Vi har no
fulldyrka ca 300 da.
Det aller
meste av arealet har vore greitt å arbeide med, men på nokre stader har vi
vore plaga av aurhelle, det er utfelling av jarn mellom grus/leirlaget og
myra. Dette laget er heilt tett slik at det ikkje kjem vatn igjennom. Den
einaste måte å ordne dette på er å grave gjennom dette laget.
KVA HAR DETTE
KOSTA OSS ?
Vi fekk tilskot til dyrking etter reglane som galdt då. Resten av kostnadane har vi dekt
sjølve.
Vi har utført
arbeid for godt 1.200.000 kr. I tillegg
måtte vi skyte inn ein fast sum pr andel. Det vart ordna ved at kvar av
oss tok opp lån og eit mindre lån i Statens landbruksbank.
Kostnadene
med gjødsel, kalk og frø vart dekt over den ordinære drifta til kvart bruk.
Vi har brukt
ca 300 tonn kalk. Det tilsvarer ca 1 tonn pr da i grunnkalking.
Grunngjødsling ved kvart nytt felt ca 150 kg. Jorda var tildels svært
næringsfattig. Spesielt var den nesten kjemisk fri for fosfor. Vi måtte gi
ei ekstra grunngjødsling for å unngå mangelsjukdom.
Første
beiteslepp var den 9 august 1985. Då hadde vi fram 45 kyr og dei var der
til 31 august.
Frå 1986 har
vi hatt ordinær drift og tidlegaste dato
for beiteslepp har til no vore 30 mai (2003) og 30 juni som det seinaste
(1994). Lengste
beitesesong hadde vi i 1992 då vi var på sætra frå 4 juni til 19
september. Dei fleste
åra har vi tatt dyra heim mellom 18 og 21 september.
Til no har vi
vore nøydde til å ta omsyn til at vi tar kyrne direkte frå fjøset og til
sætra som ligg mellom kote 300 og 375. Det er difor viktig at vi har bra ver
med bra temperatur. Truleg vil beiting heime bli meir omfatande frå neste
sesong. Ved mindre brå overgang ville vi truleg hatt litt tidlegare
beiteslepp fleire av sesongane.
Første fulle
driftsåret, i 1986, hadde vi 4.700 beitedøgn (ku og dag). Normalt beiteår har
deretter ligge på mellom 8.000 og 9.000 beitedøger. Dei siste åra har det auka
slik at vi i 2002 hadde 10 074 beitedøger og i 2003 kjem vi truleg til å
passere 11 000 beitedøger.
Kor mykje
mjølk leverer vi frå Engesetsætra fellesbeite ?
År |
Mai |
Juni |
Juli |
August |
September |
Total |
1992 |
|
43.670 |
46.913 |
42.455 |
21.710 |
156.740 |
1993 |
|
16.056 |
53.085 |
48.191 |
14.450 |
133.775 |
1994 |
|
|
47.876 |
47.157 |
19.533 |
114.566 |
1995 |
|
2.903 |
50.678 |
47.000 |
20.000 |
122.576 |
1996 |
|
22.459 |
. |
|
25.242 |
|
1997 |
|
31.356 |
47.847 |
45.681 |
23.009 |
149.890 |
1998 |
|
30.254 |
53.256 |
47.588 |
30.650 |
163.746 |
1999 |
|
38.280 |
49.843 |
49.921 |
24.069 |
164.112 |
2000 |
|
36.772 |
55.253 |
50.868 |
19.790 |
164.683 |
2001 |
|
31.663 |
55.812 |
51.543 |
18.771 |
159.790 |
2002 |
|
53.422 |
66.711 |
62.550 |
28.640 |
213.325 |
2003 |
2.211 |
63.562 |
66.838 |
63.207 |
33.000 |
230.821 |
2004 |
2.300 |
78.500 |
77.600 |
70.600 |
34.400 |
263.700 |
2005 |
|
50.169 |
68.373 |
61.124 |
24.753 |
204.419 |
2006 |
|
61.956 |
66.485 |
65.614 |
36.855 |
230.910 |
Vi måler
mjølka frå kvar ku to gonger i månaden og det gir grunnlag for fordelinga av
mjølk levert til meieriet. Etter kvar måling får kvart medlem ei utskrift
som viser kor mykje kvar ku mjølka den dagen og samla for heile månaden. Denne
modellen er laga i rekneark som også reknar ut talet på foringsdagar for
kvart medlem, og til slutt skriv den ut kraftforrekning for månaden.
Talet på
foringsdagar er grunnlaget som fordeler samla kostnader i året.
Vi fører
arbeidslister over alt arbeid kvart medlem utførar og vi har utført arbeid for
ca 230.000 kr i gjennomsnitt dei siste åra.
GJØDSLING
Jorda var svært næringsfattig, spesielt på fosfor slik at vi måtte gi ei
grunngjødsling på fosfor for å unngå mangelsjukdom på graset. Det var mykje
syreløyseleg kalium i grunnmassane. Dei første 2–3 åra hadde vi nokre
tilfelle av graskrampe, men etter den tid har vi ikkje hatt det.
Dei første
åra hadde vi ei vårgjødsling på ca 75 kg 21-4-10 pr da. Det gav god vekst,
men heller dårleg avbeiting. Andre gjødsling var ca 40 kg 25–2–6 pr da.
Tredje gjødsling var ca 30 kg kalksalpeter pr da.
For nokre år
sidan vart vi kjende med samanhangen mellom nitrogengjødsling og avbeiting.
Det førte til av vi delte første gjødslinga i to. Gjødsling for beite og
gjødning for slått. For dei areala som vi ikkje skulle slå, reduserte vi
vårgjødslinga til ca 40 kg pr da. Resultatet uteblei ikkje. Vi registrerte
straks ei langt betre avbeiting på første og andre beiterunde. Dette har
ført til av vi gjennom sommaren prøver å halde oss under 5 kg rein nitrogen
pr da i kvar gjødsling. Elles bruker vi augo slik at fargen på graset kjem
sterkt med når vi vurderer gjødslinga.
Resultat:
Lavare kostnader til gjødsel og større produksjon.
RUTINAR VED
BEITING
Det er i første rekke kanalane som deler opp arealet på beitet. Dei ulike
stykka variere frå 15 til 45 da. Dei første åra fekk dyra nytt beite kvar
morgon ved at vi gjennomførte ei form for stripebeiting. Vi starta beitinga
på kvart stykke lengst borte og flytta gjerde mot utgangen. Dermed unngjekk
vi dei store trakkskadane ved at kyrne ikkje fekk gå frå vegen og inn på
skiftet på same staden kvar dag. Ut over sommaren var det mindre og mindre
stripebeiting for til slutt å gi dei heile stykka. Den reduserte gjødslinga
førte til betre avbeiting slik at vi siste åra har gått bort frå
stripebeitinga. Berre dei største stykka deler vi i to ved første avbeiting.
Ved første
avbeiting prøver vi å kome rundt så raskt som råd. Likevel blir graset på
dei siste stykka for langt. Det er ofte i denne perioden vi får den mest
markerte nedgangen i mjølkeproduksjonen. Vi diskuterer om vi til komande
sesong burde starte andre beiterunde 2–4 dagar tidlegare og så slå dette
arealet. Det vil gi rask vekst, og truleg tidsnok til andre beiterunde.
Resten av enga slår vi så eit par veker seinare. Det vil gi oss to periodar
med auka tilgang på beiteareal.
Vi vart snart
klare over at beita måtte pussast viss vi skulle få god tilvekst og godt
beitegras. Første 2–3 åra brukte vi slåmaskin, men så kjøpte vi ein gras-
og halmsnittaren (Kverneland) som er spesielt egna til denne type slått.
Den gir god beitepussing med ein kapasitet på ca 10 da i timen med ein
traktor på ca 75 hestar. No pussar vi alt areal to gonger så sant det er ver
til det.
Vi set opp
detaljerte beiteplanar for ei til to veker om gongen. Planen kan enkelte
gongar bli justert under perioden og den vanligaste årsaka til endringar er
at veret gjer det nødvendig. Vi har no ei rullering av beitinga på 14-15
dagar.
GJØDSELPLAN
Vi set opp gjødselplan for kvart areal, og gjødslinga bli oppdatert i planen
etter kvart som sommaren skrid fram. Det gir oss ein god dokumentasjon og
gode forutsetgninger til ytterligare forbedringer.
FORNYING AV
BEITET
Med ein del myr, ujamt underlag og aurhelle har vi hatt problem på nokre av
skifta. Difor starta vi for fire år sidan ei fullstendig omgraving av eitt
av felta. Til saman ca 60 da. Det gjaldt å få bort vatnet som var grunnlaget
for myra. Stein og myr vart lagt i botn og med grus og leirmassar på toppen.
Det nye vekstlaget var livlaust, men etter eit år har det betra seg. Det har
i alle høve blitt trakkesterkt.
I tillegg til
areal med fullstendig omgraving, har vi fornya ca 50 da.
Kostnaden med
omgravinga vart ca 7.500 kr pr da. Isolert sett er dette for dyrt, men
ser ein det i eit legere perspektiv, er det nok rett. Utan omgraving ville
nedbygginga vore i gang. Når ein ser auken i produksjonen dei to siste åra
har den saman med andre endringar gitt resultat.
FRØBLANDINGAR
Ved starten fekk vi komponert vår eiga frøblanding. Den var bra dei første
åra, men ettersom åra har gått har engrappen blitt for dominerande. Vi hadde
ikkje kløver i dei første blandingane. Vi prøvde med innslag av bladfaks og
raigras, men ingen av delane vart vellukka.
Ved fornying
har vi brukt blandingar med kløver og med noko meir timotei enn standard
frøblanding frå Felleskjøpet. Det ser ut til å vere vellukka. Vi har fått
fin eng til slått og gras og som kyrne likar godt. Siste året hadde vi på
slåtten godt to ballar pr da.
Det har vore
for lite framme at beitegras må vere velsmakande. Det er ikkje hjelp i gras
som ikkje kyrne likar.
MEDLEMMER
Engesertsetra Beitelag består i dag av dei same seks gardane som starta
prosjektet i 1982.
|