DRIFT
Alt som er skrevet under driftsopplegg er nå endret etter at garden blei ein
del av Skodje Samdrift DA.
Drifta på garden er spesialisert på mjølkeproduksjon og av dyr
har vi derfor berre kyr, kviger og kukalvar. Alle uksekalvar blir selt som
livdyr ca 3 månader gamle.
Antall årskyr som
kalvar
har dei siste åre vore 20-22 dyr.
Antall kviger er normalt 8-10 pr år.
Antall kukalvar er normalt 8-10 pr år.
KALVING
Vi ynskjer mest mulig kalving i desember og dei resterande helst i januar.
ÅRSPLAN MJØLKEPRODUKSJON
- Desember - januar kalvingsperiode
- Januar - mai
produksjon
- Mid februar - mars
inseminering
- (mid) Juni - mid september
produksjon - Engesetsetra fellesbeite (sjå eigen
informasjon)
- Mid september - mid oktober
reduksjon av produksjon og til slutt, - ikkje produksjon
(tørre kyr)
- Mid oktober - november
ikkje mjølking
Denne årsplanen er optimal for vår drift og vi arbeider
derfor systematisk gjennom heile året for å få den virkelege planen så nær opp
til denne som mulig.
At vi er medlem av Engesetsetra Beitelag er grunnlaget
for inndelinga i årsplanen fordi det er viktig å ha god produksjon den perioden som kyrne er
på fellesbeite og har tilgang på gode beite. Prisen på mjølk er også høgare
i sommarmånadane i vårt distrikt.
Å ha kyrne på fellesbeite i ca tre månader gjer også situasjonen enklare for
aktiviteten heime på garden i denne perioden.
Vi ynskjer ikkje kalving i den perioden kyrne er på
fellesbeite. Dette er eit bevist val.
Vi prøver så langt mulig å slå kyrne tørre (ikkje mjølking) frå midten/slutten av oktober og det gir ein rolig periode før ny
kalving. Dette gjer vi
selvfølgelig fordi det passer godt inn i årsplanen og til tidspunktet kyrne
kalver på, men eit anna viktig poeng er at dette som tilleggseffekt gir ein periode med enkel
drift i fjøsen.
Å kunne ha fire til seks veker med berre fòring i denne
perioden, har forbetra vår generelle driftssituasjon.
MJØLKING
Vi har kyrne i eit tradisjonelt bås-fjøs og mjølkinga er
effektivt lagt opp ut frå dette. Vi mjølker med fire mjølkeorgan samtidig og
mjølkeorgana blir flytta ved hjelp av skinner som er montert i taket.
Rekkefølgja
kyrne blir mjølka i er lagt opp slik at mjølkeorgana i størst grad er i
kontinuerlig produksjon.
Til daglig gjer to personar fjøsen saman, men det er ikkje
problem for ein person å ta fjøsen aleine.
Vi startar i fjøsen kl 05:30 om morgonen og sjølve mjølkinga
startar kl 06:00. Om ettermiddagen startar vi i fjøsen kl 17:00 og
mjølkinga startar kl 17:30.
MJØLKEKVOTE
Garden har ein mjølkekvote på 135.000 liter pr år.
PLANLEGGING - FOKUS
Når ein arbeider med levande dyr og i tillegg er heilt avhengig av forhold i
naturen, som ver og vind, då er det ikkje alltid like enkelt å planlegge
aktivitetar og å legge tidsplanar i detalj, men vi prøver iallfall å legge ein del
hovedplaner for året. Dette er også viktig for det langsiktige arbeidet og
for å utvikle garden vidare.
Som eksempel på planleggingsarbeidet kan nemnast at vi i 2003 hadde eit
avvik på 200 liter mjølk i forhold til tildelt mjølkekvote.
Vi har også eit kontinuerlig fokus på å
forbetre
arbeidssituasjonen og spesielt gjeld dette innan område som inngår i det daglege
arbeidet på garden og oppgåver som kan føre til belastningsskadar. Vi har derfor
løysningar for det daglige arbeidet i fjøsen som gjer at disse oppgåvene kan utførast
effektivt og utan f.eks. tunge lyft.
TERRENG
Mykje av garden ligg i bratt terreng og det set mange
av rammene for drifta. Etterkvart som vi har fått meir leigejord er dei
brattaste delane av innmarka i større grad brukt til beite for ungdyra. Å
slå disse bratte markane med traktor har alltid vore ei utfordring for både
utstyr og menneske, i tillegg til at det er tidkrevjande.
Ei omlegging til meir beiting av disse markane er derfor ei forbetring av
driftssituasjonen. Det meste av leigejorda ligg i nærleiken av garden.
På garden er det fleire kulturbeite og disse blir brukt
til ungdyr. Tilgongen på gode beite om sommaren er derfor god.
Vi har i tillegg gode utmarksbeite på garden, men disse har vi ikkje brukt
dei siste åra pga generelt dårleg standard på utmarksgjerda fleire stadar i
bygda.
At garden ligg i ei sørvendt helling gir generelt gode
vekstforhold og garden har også sol heile året.
BEITING
Kvigene blir slept ut på beite om våren så snart graset er lang nok og
normalt er dette i midten av mai.
Kalvane blir slept ut noko seinare og seinast når kyrne blir sendt på
fellesbeite.
I den perioden kyrne er på fellesbeitet (mid juni-september) er derfor fjøsen
tom.
VASKING
Ein av dei viktigaste aktivitetane på garden etter at fjøsen er tom for dyr i juni er vasking. Alt
blir då vaska og rensa ved hjelp av høgtrykksspylera og to personar bruker
normalt to dagar på dette arbeidet. Ein dag til grovvask og ein dag til finvask.
Tips - arbeidet med å vaske fjøsen har blitt mykje lettare etter at vi begynte å bløyte på heile fjøsen med vatn i to-tre
dagar før vi
startar med vasking. Til dette nytter vi ein vanlig hagevatnar som vi
flytter rundt i fjøsen nokre timer kvar dag. Ei enkel, billig og effektiv
løysing.
KANTSLÅTT
Vi har som prinsipp at alle kantar (det som vi ikkje greier å slå med
slåmaskin på traktor) på innmark til garden skal slåast saman med eller etter at den
ordinære slåtten er ferdig. Dette graset blir ikkje brukt til fór, men det
er likevel viktig for oss å slå dette graset. Årsaka er å unngå at kratt
veks innover innmarka og ikkje minst, innmark
med nyslåtte
kantar er "finare å sjå på for auga".
|